På grunn av spelarmangel til kveldens kamp borte mot Stadlandet, og mangel på datoar der fleire spelarar kan stille, har herrelaget trekt seg frå kampen. Det betyr at Stadlandet får 3 poeng og vi får ei bot. Skulle vi kome i same situasjon seinare i årets sesong blir vi trekt frå serien. Av 19 spelarar som skulle vere med på laget i år, var det no berre 5 som kunne stille. Vi får håpe spelarane legg innsats i at dette ikkje skjer igjen.