Overgangar inn og ut

By | 9. februar 2015

Leander Seime og Arne Gangeskar er blant dei som skal spele i blått og gult(?) i 2015.

Det har vore hektisk på overgongsmarknaden i bygda rundt «Deadline-day». 5 spelarar har gått til Sandane, medan ein spelar frå Åheim har kome inn.

Dei 5 spelarane som har gått til Sandane er:

Arne Gangeskar, Leander Seime, Simen Grov Hoem, Ole Kristian Evebø og Øyvind Løkke Vie.

Vi har førebels vore forsiktige på overgongsmarknaden. Susann Brobakke frå Åheim er den einaste nye i vår klubb. Ho er 17 år og kjem frå Åheim.