Category Archives: Herrelag

Herrelaget med siger borte mot Svelgen

Herrelaget held fram sigersrekkja og vann 5-3 borte mot Svelgen på tysdag. Vår effektive spissduo Kjetil Løkke Vie (3) og Daniel Klakegg (2) scora våre mål. Kampen var jamnspelt men vi var betre enn Svelgen i begge endar av bana. Gledeleg også i denne kampen at vi greier å stille ei solid kamptropp på 17 spelarar (4 frå… Les meir »

Solid kamp og siger til herrelaget

Herrelaget spelte ein veldig god kamp og vann fortent 4-3 heime mot Oppstryn. Dette var første kampen til samarbeidslaget Breimsbygda/Jølster 2. Eit samarbeid som allereie i første serierunde viste seg å vere heilt avgjerande for å kunne spele kampen, då berre 8 breimningar har møtt på trening og vist interesse for å spele kamp. Om vi går ut… Les meir »

Herrelaget vann eit poeng heime mot Stadlandet

Herrelaget spelte 3-3 i årets siste heimekamp i 6. divisjon. Etter ein god første omgang heldt vi bra følgje med Stadlandet og leia 2-1 etter 2 mål av Kjetil Løkke Vie. Etter pause blei vi til tider overkøyrde og kom oss knapt over midtbana siste halvtimen. Stadlandet var eit robust og spelande lag som hadde full kontroll over… Les meir »

Tap mot Sandane 2

Herrelaget tapte tysdag 2-1 i bortekampen mot Sandane 2. Heimelaget var det førande laget i dei første 60 minutta og leia fortent 2-0. Leiinga kunne vore større. Vi vart i overkant forsiktige og veldig baktunge før vi fekk to mål i mot. Etter at vi flytta opp fleire spelarar fekk vi redusering på straffe ved Kjetil Løkke Vie.… Les meir »

Siger til herrane

Herrelaget vann i kveld 4-2 over Flatraket/Selje 2 heime på Reed. Til pause var det 2-0 og halvegs i andre omgang var det 4-0. Siste kvarteret reduserte bortelaget to gongar. Kjetil Løkke Vie (2), Andreas Kissner og Raymond Niiranen scora våre mål. Kampen var ganske jamnspelt, men Kjetil Løkke Vie og co. var best i motstandar sin 16-meter.… Les meir »

Treningskamp 6. div Breimsbygda – Hyen (3-4)

Herrelaga til Breimsbygda og Hyen møttes til treningskamp på Reed stadion 4. april. Begge lag har ein siger frå tidlegare treningskamp, Hyen 4-1 over Sandane 2 og Breimsbygda 2-0 over Vikane /Loen. Det låg an til eit tett oppgjer – noko det og vart. Breimsbygda putta det første målet etter godt spel der Andreas Skipenes Kissner sette ballen… Les meir »

Treningskamp Herrar

Breimsbygda sitt herrelag møter Hyen til treningskamp på Reed laurdag 4.april. Kampstart kl. 15:00. NB! Ikkje kl. 16:00 som tidlegare annonsert.