Herrelaga til Breimsbygda og Hyen møttes til treningskamp pÃ¥ Reed stadion 4. april. Begge lag har ein siger frÃ¥ tidlegare treningskamp, Hyen 4-1 over Sandane 2 og Breimsbygda 2-0 over Vikane /Loen. Det lÃ¥g an til eit tett oppgjer – noko det og vart. Breimsbygda putta det første mÃ¥let etter godt spel der Andreas Skipenes Kissner sette ballen hardt i nettaket etter god pasning frÃ¥ Bendik Henriksen. Hyen laga to mÃ¥l etter ein god periode før pause og stillinga var 1-2 halvspelt.
Breimsbygda sin beste periode var første del av andre omgong. Laget hadde bra kontroll bakover og kom til fleire sjansar framover på bana. Nils Thommas Støyva kjempa til seg ballen midt på Hyen sin banehalvdel og runda målmann til 2-2. Etter dette tok Hyen over føringa og sette to mål. Edvin Fonn Sårheim dunka inn siste målet til Breimsbygda eit par minutt før slutt.
Dagens dommar: Stein Otto Førde
