Friidrett

  • Siste friidrett trening for dei yngste

    Komande onsdag, den 29.september, blir siste trening for den yngste gruppa kl.17.30. Det blir trening uansett vêr, og vi kjem til å gjere litt ekstra stas på alle som kjem. I tillegg vil dei minste, som ikkje fekk vere med på Lagmesterskapet, få ei ekstra merksemd.

    Vi må få takke alle føresette som har stilt opp og hjelpt til på dei ulike treningane. Det har vore eit godt oppmøte, og ei god stemning på alle treningane. Det har vore kjekt! Vi håpar det blir like godt oppmøte til våren igjen og!

    Les meir

  • Helkjastøylen opp

    Helkjastøylen opp vart arrangert både som fysisk arrangement og som digitalt løp. Litt vått i løypa den dagen vi hadde fysisk løp, men på tross av det så raste det inn med personlege rekordar. Det var rett og slett fantastisk god innsats, nok ein gong!

    Totalt hadde vi 70 registreringar, og mellom dei har vi trekt ut 7 premiar. Denne gongen har vi fått støtte frå Byggtorget Byrkjelo og BakarJon. Dei som deltok på konkurransen hadde følgande tider:

    Start frå Ballbingen:

    Markus Sægrov Djupvik g-10 26.10
    Kasper Olai Paulen g-10 31.27
    Jørgen Aa Sandal g-11 25.05
    Marte Paulen j-13 29.35
    Borgny Kristin Hetle j-14 26.28
    Anders Paulen g-15 25.01
    Mathias Aa Sandal g-17 21.40

    Start frå brua

    Vetle Bolstad Aabrekk g-4 21.07
    Tobias Olafsen Veien g-4 22.11
    Vilde Jordanger Eriksen j-7 35.07
    Dorte Førde j-6 29.50
    Mari Sægrov Djupvik j-7 14.54
    Olava Felde Sårheim j-6 16.42
    Matheo Olafsen Veien g-6 15.18
    Edvin Bolstad Aabrekk g-6 17.06
    Eiril Paulen j-7 14.54
    Vegard Hetle g-8 11.33
    Live Bolstad Aabrekk j-8 14.23
    Joar Førde g-8 16.45
    Aslak Felde Sårheim g-9 12.14
    Margrete Gil j-9 16.33
    Maja Førde j-9 16.25
    Julie Seime Skinlo j-9 13.01
    Mathias Eriksen g-10 26.35
    Emilie Eriksen j-13 30.33
    Følgande får premie for deltaking på fysisk løp:

    Mathias Aa Sandal, Anders Paulen, Jørgen Aa Sandal, Markus Sægrov Djupvik, Kasper Olai Paulen, Borgny Kristin Hetle, Marte Paulen, Vegard Hetle, Aslak Felde Sårheim, Matheo Olafsen Veien, Julie Seime Skinlo, Live Bolstad Aabrekk, Eiril Paulen og Marie Sægrov Djupvik.

    Trekkpremiar går til:

    Tobias Olafsen Veien, Selma Olafsen Veien, Endre Fugle Kvile, Birgitte Paulen, Else Helle Bolstad, Anders Paulen og Mathias Aa Sandal.

    Premiar kan ein hente på Byggevaren Byrkjelo.

    Les meir

  • Resultat Lagmesterskap 2021

    Det var heile 51 barn og unge som deltok på Lagmesterskap i år. Kjempegod innsats av alle, og ein kjekk dag med mykje aktivitet. Her kjem resultata i tillegg til litt bilete.

    Resultat:

    Litt ymse bilete frå dagen

     

    Les meir

  • Gratulerer, Mathias!

    Denne helga har det vore arrangert UM i Trondheim, og Mathias Andreas Reksten Dale deltok i G-18/19 (6kg) kule der han tok gull! Mathias representera Breimsbygda Idrettslag og kasta 16,60m i sitt nest siste kast, som er kunn 1cm bak sin personlege rekord. Vi gratulera så mykje!

    Les meir

  • Lagmesterskap for BBIL

    Søndag 12.september er der Lagmesterskap for BBIL på Byrkjelo Stadion. Arrangementet er for barn frå 6år (2015) og oppover, og arrangementet startar kl.13.00 med påmelding ved tribuna 30.min før. Der er og mogleg å melde seg på før arrangementdagen.

    Øvingar ein kan melde seg på er:

    For alle

    • 60m
    • liten ball
    • lengde
    • 600m

    For dei over 11 år

    • 60m/ 80m hekk
    • kule

    Påmelding sender ein til iselinmyklebust@hotmail.com. Hugs namn, fødselsårstal og øvingar ein ynskje å vere med på. Frist for å melde seg på før er fredag 10.september.

    Der blir kiosk med eit lite utval. Vel møtt, dette blir kjekt!

    Les meir

  • Friidrett for dei eldste!

    Onsdagar er det og trening for dei eldste ungane, i alderen 10 år og oppover på Byrkjelo Stadion. Denne veka var det 20 unge som møtte opp, og alle var engasjerte og viste stor innsats.

    Denne veka var det liten ball, lengde og reaksjonsøvingar som stod på planen, i den faste trenaren Reidar Moldestad sitt fråvær. Vikarane som steppa inn denne veka var Bård Helle Bolstad og Are Gil.

    Treningane for denne gjengen er kvar onsdag kl.18.30 - 19.30, og her er plass til fleire!

    Les meir

  • Friidrett for dei minste

    Tysdag 18.august var det endeleg trening igjen for dei minste etter ein lang sommarferie. Det var godt oppmøte med ca. 50 ungar i alle aldera til og med 9 år. Det var fire grupper, med fire ulike "øvingar". Her var det liten ball, lengde, høgde og litt spenst og balanse som fekk prøvd seg. Alle såg ut til å kose seg og alle gjorde ein god innsats!

    Det er treningar for dei minste kl.17.30-18.30 kvar onsdag fram til haustferien. Alle som vil er velkomne!

     

    Les meir

  • Resultat mini-Sparebankleikane

    Onsdag 16.juni var det arrangert mini-Sparebankleikane på Byrkjelo. Ein kjekk kveld med mange deltakarar. Her er resultata (forstørr opp for å sjå betre)

    Resultat lengde

    Resultat liten ball

    Resultat 60m

    Les meir

  • Mini-Sparebankleikane

    Onsdag 16.juni kl.18.00 arrangerar Breimsbygda Friidrett Mini-Sparebankleikane på Byrkjelo stadion for dei i alderen 6 år til 12 år. Det er kunn for barn busett i Gloppen kommune.

    Ein kan melde seg på 60meter, lengde og liten ball, og påmeldinga skjer på tribuna frå kl.17.30. Dette er eit gratis arrangement, og vi håpar mange vil komme!

    Vi vil trenge hjelp av foreldre som møte opp, for å få til eit kjekt og trygt arrangement. Barn som ikkje fyller 6 år i år, kan ikkje delta, og den vanlege treninga i Breimsbygda Friidrett går ut denne kvelden. 

     

    Les meir

  • Sparebankleikane 12.juni.

    Laurdag 12.juni blir det arrangert Sparebankleikane på Byrkjelo stadion. Denne gangen er dette eit arrangement for dei i alderen 13år til 20år. 

    Program

     

    Øvingar ein kan melde seg på til er:
    • 60m hekk
    • 100m, 400m, 800m og 1000m
    • høgde
    • lengde
    • diskos
    • slegge
    • kule

    Påmelding for dei i Breimsbygda Idrettslag til Anne-Merete: kleppenesa@gmail.com

    BBIL betalar startkontigent.

     

    Vi vil følgje reglane for Covid19 som gjeld. Akkurat no er det maks 200 personar på arrangement ute.

    Les meir

  • Helkjastøylen opp - resultat

    Då er Helkjastøylen opp avslutta, både fysisk og digitalt. Det var veldig kjekt å få til eit fysisk arrangement igjen og totalt har det vore 90 betalande deltakarar. Nedanfor er ei liste over trekkpremiar, og premiar for løp.

    Trekkpremiar:

    • Elias Flølo Kleppe
    • Nikolai Aardal Gloppholm
    • John Inge Sørland
    • Kari Jordanger
    • Mathias Seime Skinlo
    • Vetle Bolstad Aabrekk
    • Oscar Aaland
    • Erik Risholm
    • Jørgen Aa Sandal
    • Marte Paulen

    Premiar for løp:

    • Jørgen Aa Sandal
    • Jakob Felde
    • Erlend Hetle
    • Regine Aa Sandal
    • Sindre Fjellestad
    • Anders Paulen
    • Håvard Klakegg
    • Julie Seime Skinlo
    • Olava Felde Sårheim
    • Eiril Paulen
    • Live Bolstad Aabrekk
    • Ask Lode
    • Vegard Hetle
    • Aslak Felde Sårheim

    Premiar kan ein hente på Byggvaren med Kent Øystein Hjelle. Gratulere!

         

    Les meir

  • Friidrett for barn - KURS!

    Nedanfor er innbyding til nettbasert kurs i friidrett for barn. Det er veldig viktig at fleire vaksne, som ynskjer å lære meir om dette, kan ta seg eit slikt kurs. Breimsbygda idrettslag vil sjølvsagt betale kurset.

    Les meir