Fotball

  • Heimekampar fotball 2020

    Ei oversikt over heimekampar for Breimsbygda sine lag finn du her:
    - Heimekampar 2020 (blir åpna i ny fane)

    Les meir

  • KLUBBKVELD FOR BBIL

    INTERSPORT SANDANE INVITERER ALLE MEDLEMMAR I BREIMSBYGDA IL, TIL KLUBBKVELD MED MANGE GODE TILBOD TIRSDAG 24.MARS KL 1800-2000

    GÅ IKKJE GLIPP AV FØLGANDE TILBOD:

    • 30% PÅ LAGSKLEDE
    • 40%  VINDJAKKE JR/SR
    • 30% FOTBALLSKO
    • 25% PÅ ORDINÆRE VARER I BUTIKKEN. (med unntak av syklar)

    ALLE SOM HANDLER DENNE KVELDEN, ER MED I TREKNING AV VERDIKORT PÅ KR 700,-.

    VEL MØTT!
    HELSING INGRID OG LISBETH

    Les meir

  • Vaktlister for IDK 2019

    Vi har satt opp vaktlister for foreldre fram til jul, dei kjem i posten i løpet av dei næraste dagane. Eller du finn dei på linken under. Håper du har mulighet til å ta di vakt, om det ikkje passar er det flott om du prøvar å bytte med nokon av dei andre på lista.

    Du finn vaktlista her: 

    Infoskriv med reglar for IDK finn du her: Infoskriv_IDK 2019

    Les meir

  • Tine Fotballskule 2019

    Invitasjon til TINE Fotballskule 2019
    Breimsbygda IL har gleda av å invitere jenter og gutar frå 7-12 år til
    årets morosamaste «skuleveke» på Byrkjelo stadion.

    På fotballskulen får du utvikle dine fotballferdigheter der spelet,
    leiken og samværet står i sentrum. Det blir tre dagar med fokus på
    trening, trivsel, læring, topp stemning og gode haldningar!

    Dato: 23.08.19 – 25.08.19
    Stad: Byrkjelo stadion

    Alle deltakarane får utdelt t-skjorte, diplom og ryggsekk. (Det blir
    servert eit måltid midt på dagen, drikke og et mellommåltid med
    frukt).

    Pris: 500 kr.
    Søskenmoderasjon: 400 kr (for nr. 2/3 i same familie).
    Konto: 3705.09.99409
    Påmelding innan 20.08.19 til
    ove_b_@hotmail.com
    Hugs å skrive namn på deltakar(ar), alder og klubb på innbetaling
    og påmelding.

    Velkommen til TINE Fotballskole!
    Helsing
    Styret i fotballgruppa

    Hugs! Ta med ein matpakke og drikkeflaske. Kle deg etter været,
    og smør godt med solkrem dersom det er solskin 
    Ei god natts søvn og ein god frukost gir deg energi og en god start
    på dagen.

    Les meir

  • Klubbkveld på Intersport

    KLUBBKVELD PÅ INTERSPORT SANDANE - MED MANGE GODE TILBOD 
    TYSDAG 9.APRIL, KL 1800-2000
    BUTIKKEN LOKKAR MED FØLGANDE TILBOD:
    30% PÅ LAGSKLEDE
    30% FOTBALLSKO
    40% PÅ HALLSKO
    20% PÅ ORDINÆRE VARER I BUTIKKEN.

    ALLE SOM HANDLER DENNE KVELDEN, ER MED I TREKNING AV VERDIKORT PÅ KR 600,-.

    VEL MØTT!

    Les meir

  • Årsmelding for 2018

    Årsmeldinga er no klar og blir levert ut i løpet av dei neste vekene. Om du ikkje klarar å vente kan du lese den her no!! 😀





    KLIKK PÅ BILDET OVER FOR Å LESE...

    Les meir

  • May Britt Solheim Kvellestad til landsfinalen

    May Britt vann Sogndal Fotball si kåring "årets fotballmamma" i konkurranse med 22 andre andre kandidatar. Med dette sikra ho klubben 10.000 kroner og ho er med vidare til den nasjonale finalen. Der møter ho vinnarane frå dei andre 15 klubbane i Obos-ligaen i kampen om å bli "årets fotballmamma".
    Avstemninga avsluttast 15. november og dei tre mødrene som då har fått flest stemmer går til Superfinalen. Desse tre blir invitert til Fotballfesten på Ullevaal stadion, søndag 26. november. Der skal den endelige vinnaren kårast. Årets fotballmamma vinn en premie til seg sjølv, og 50.000 kroner til klubben sin.

    Du kan sende inn stemma di på May Britt og Breimsbygda her:
    - Årets fotballmamma i Obos-ligaen

    Her er teksten om May Britt som blei sendt inn:
    "May Britt er ei fantastisk dame! Ho har tre aktive born, er geitebonde og assistent på Breim Skule. ho er fotballtrenar, og aktiv supportar på fleire lag i Breimsbygda. Ho motiverar spelarane, og køyre eine sonen på sone og kretstrening.

    Ho seier alltid ja når det er behov for dugnadshjelp! Bla påtok ho seg kioskansvar på Breimsbygda si miniputt-turnering, sjølv om ho ikkje har ungar med der lenger! Alltid kjekt å vere kring May Britt!"

    Her kan du lese sigersintervjuet på Sogndal Fotball si nettside:
    http://www.sogndalfotball.no/nyheiter/lokal-fotballmamma

     

    Les meir

  • Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018

    Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Jannike Felde som vart tildelt Årets eldsjel 2017.

    Les meir

  • Kampoppsett miniputt søndag 23.09

    Søndag blir årets siste turnering for miniputtane arrangert på Byrkjelo stadion. Turneringa startar klokka 10.00 og varer til ca. 14.30. 51 lag er påmelde frå klubbane Breimsbygda, Hyen, Jølster, Sandane og Vikane. Det blir 3-ar fotball i binge for 6 åringane og 5-ar fotball for dei frå 7 til 10 år. Kampoppsettet (PDF) ligg i lenka under:
    Puljeoppsett Miniputt Breimsbygda 2018 LØFelde (Blir opna i ny fane/side)

    Les meir

  • Dugnadsliste miniputt-turnering 23. sept.

    Neste søndag går eit av dei store arrangementa i bygda av stabelen på Byrkjelo stadion. Ca 350 miniputtar frå Gloppen, Jølster og Stryn/Vikane møtest til sesongens siste turnering.
    Her finn du oversikt på fordeling av oppgåver: Dugnad MINIPUTT BYRKJELO 23

    Les meir

  • Kampoppsett miniputt Skei søndag 2.sept

    Her finn du oppsette til turneringa på Skei.

    Knøtteturnering Skei 2018 v2-1

    Les meir

  • Profilering på 3v3 baner

    Reed Stadion er eit av dei flottaste idrettsanlegga i fylket. Med kunstgras av høgste kvalitet blir bana nytta både til kamp og trening gjennom heile året. Med 7 lag i seriesystemet og 9 miniputtlag, er det mange treningar og kampar som skal avviklast kvar veke.

    I tillegg vert anlegget nytta av naboklubbar og til fotballkretsen sine treningar og samlingar. Anlegget har og fasilitetar for friidrett og skal framleis nyttast til den tradisjonsrike Breimstafetten og 17. mai feiringa i bygda. Reed Stadion har og frigjort mykje treningstid for friidretten på Byrkjelo Stadion. Breimsbygda IL har gjort tiltak på området for å skape eit godt og innbydande anlegg. Men vi ynskjer å gjere området og fasilitetar enda betre og meir attraktivt.

    Barnefotball under 7 år i regi av NFF skal spelast 3 mot 3 utan keeper.


    BBIL har kjøpt 2 stk. minibaner som leverast med 2m lange seksjonar (200x50cm) kor vi tilbyr ferdig montert logoprofilering av din bedrift. Desse banene vert brukt både til dei faste treningane men også på større arrangement som miniputt turning der det er om lag 60 lag som deltek.

     

    Vi håpar næringslivet i kommunen ser verdien av dette og støttar oss!

    Prisar på banereklame:

    1500,- pr. side pr. seksjon, du vel sjølv om du vil ha innside eller utside (eller begge deler).

    Innside: 2000 x 484 mm.

    Utside: 960 x 434 mm x 2 stk (logo kan ikkje monterast på heile flata pga støtte på midten)

    BESTILL PROFILERING FOR DI BEDRIFT HER

    Les meir

Siste saker frå gruppene:

Arkiv alle saker