Trim

  • 45 har gått alle postar i Breimstrimmen

    Desse har registreret seg på alle dei 10 postane til Breimstrimmen i årets sesong (2020-2021). Sjekk om du er blant dei og gi beskjed dersom du meiner noko er feil. I tillegg delar vi ut dei populære bilde-diplomane til dei som har klart målet i 3 år (bronse), i 6 år (sølv) og i 10 år (gull).

    Gull (10 år)

    Sølv (6 år)

    Bronse (3)

    Ellisiv Hetle

    Gro Larsen Hjelle

    Johnny Skinlo

    Kari-Ann Flølo

    Rita Bente Fløtre

    Roger Hjelle

    Monrad Kleppe

    Birgitte Myklebust Paulen

    Marthe Paulen

    Elin Merete Stensaker

    Kasper Stensaker

     

     

    Gått alle postane 2020 – 2021 (40 stk.)

     

    Johannes Hole

    Anne Svangtun

    Rita Bente Hetle Fløtre

    Reidun Ask Flølo

    Karsten Hopland

    Grete Nedreberg

    Arvid Jordanger

    Knut Fammestad

    Johnny Skinlo

    Roger Hjelle

    Oddny Kleppenes

    Sissel Eide Reed

    Jannike Felde

    Borgny Kristin Hetle

    Gerd Larsen

    Marte Paulen

    Birgitte Paulen

    Anne Marie Fammestad

    Sabine Exner

    Kaisa Hole

    Grete Aa Sandal

    Kasper Olai Paulen

    Leif Øystein Felde

    Vegard Hetle

    Ellisiv Hetle

    Tone Lise Jacobsen Egge

    Gudmund Egge

    Eiril Paulen

    Gro Larsen Hjelle

    Regine Aa Sandal

    Jørgen Aa Sandal

    Elin Merete Stensaker

    Kari-Ann Flølo

    Cato Risholm

    Annika Risholm

    Sissel Ness

    Håvard Hetle

    Malin Isane Førde

    Monrad Kleppe

    Kåre Hetle

    Per Inge Seime

    Astrid Gåsemyr

    Erlend Hetle

    Kasper Stensaker

    Nils Kåre Fossheim

    Les meir

  • Ny sesong med Breimstrimmen har starta

    Første oktober begynner vi med blanke ark og null poeng. I år kan du registrere deg elektronisk med Georeg på 11 postar. Vi har sett Melkebakksteinen og Skitnevatnet på "pause" og lagt til 3 nye postar: Råda/Seimestøylen, Gåsemyrstøylen og Dunheia. Les meir om Breimstrimmen og alle postane her. God tur!

    Les meir

  • Reinløpet og anna

    Trimgruppa har opplevt ein regelrett liten "boost" i år. Vi har gjennomført ei rekke turar med med mange deltakarar. Særleg vellukka var turane til Røsskleivvatnet, fossen Strupen og våre støyl-til-støyl turar. Deltakinga på Reinløpet kan vi derimot ikkje vere fornøygde med. Vi vil gjerne ha innsepel på om de synes at arrangementet er livlaga og korleis ein eventuelt kan fornye konseptet.

    Les her korleis det gjekk på årets Reinløp.

    Les meir

  • Reinløpet med nytt konsept

    Årets "løp" blir til ei Reinløp-veke 29.8.-5.9.

    Både pga. Koronatiltak og noko sviktande deltaking dei seinare åra tilbyr eit anna konsept i år. Gå når det passar for deg og i lag med kven du vil. I Reinløpsveka vil løypa til Torheimstøylen og vidare til Støyvastøylen vere godt merka. Ned til P-plassen kan du gå der du vil. Du må registrere deg på 3 QR-postar for at deltakinga skal bli godkjent. Les meir her

    Sabine

    Les meir

  • Senior støyl-til-støylstur del II på tysdag

    Vi hadde ein flott støylstur del 1 (Utvikfjellet-Hetlestøylen) på mandag, 23. august. Pga. litt usikre vêrutsikter utsette vil del 2 til tysdag, 31. august, kl. 10.30. No går turen frå Hetlestøylen via Kålsstøylen og Dalestøylen til Hunskårsstøylen. Dei som vil vere med må melde seg på hos Greta S. Veien (90766089). Då får de også fleire opplysningar. Ein treng ikkje ha delteke på del 1 for å vere med på tysdag.

    Turreferat: Høyrar frå Greta at dei hadde ein flott seniortur del II no på tysdag. 13 deltakarar gjekk frå Hetlestøylen til Hunskarsstøylen i flott ettersommarvêr. Sjå bilde

    Les meir

  • Ny støyl-til-støylstur i komande veke- i roleg tempo på 2 dagar

    Etter suksessen med 16 støylar-som perler på ei snor-turen for 14 dagar sidan satsar Trimgruppa i Breim på ein oppfølger, men i ei litt anna form. Vi har fått ein del tilbakemeldingar frå folk som gjerne kunne ha tenkt seg å ha vore med på denne kulturhistoriske vandringa forbi 16 støylar. Samtidig kan turen verke litt lang og i tøffaste laget for somme. Vi vil utnytte det fine vêret i neste veke og tilbyr difor ein seniortur i roleg tempo.

    Strekninga frå Utviken til Hunskårstøylen er ganske lang, difor delar vi opp turen på to forskjellige dagar. Utviken til Hetlestøylen på måndag, 23.8. og Hetlestøylen til Hunskårstøylen på onsdag, 25.8. Vi startar begge dagar kl. 11.00. Det er også mogeleg å berre delta på ein av dagane. Dersom det trengs kan vi ordne med skyss tilbake til Utvikfjellet. Greta S. Veien blir guiden vår og fortel undervegs om støylane og andre historier. Ta med mat og drikke. Deltakaravift. Påmeling påkrevd til Greta (90766089). Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

    Trimgruppa

     

    Les meir

  • 16 støylar som perlar på ei snor

    Ny deltakarrekord: heile 44 deltakarar blei med på turen i år. Les meir her

    Les meir

  • Trygt fram til trimposten ved Skitnevatnet

    Brua nokre hundre meter før Skitnevatnet er øydelagt og ikkje mogeleg å bruke. Men held du deg på høgre sida av elva heilt fram til hytta så kjem du deg trygt fram og sankar 4 poeng.

    Ingen beskrivelse er tilgjengelig.

    Ingen beskrivelse er tilgjengelig.

    Les meir

  • Er du med på Trimgruppa sin "Sommartrim"?

    Meld deg på, gå tur og kanskje blir du ein av dei heldige vinnarane?

    Les meir her

    Les meir

  • Breimtrimmen, Turorientering og Nordfjordryggen

    For ein flott sommar vi har! Også her i Breim ser vi ein den nasjonale trenden at fleire og fleire brukar fjellet til rekreasjon. Det er supert og vi har god plass til enda fleire. Det er flott at mange av turorieneringspostane er samlokalisert med Breimstrimmen: Skitnevatnet, Skavegga, Støyvastøylen, Tistamskaret og Snøfjellet. Kjøp turkart og klippekort, så får du i både pose og sekk.

    DNT har planar om skiltiing og merking av den såkalla Nordfjordryggen frå Utviken over toppane til Blånibba. Enda er ikkje alle avtalane med grunneigarane på plass, men ei provosorisk merking med T-ar guidar deg fram.

    Det raporterast om mykje bær i fjellet. Og fleire flokkar med ammekyr i vegen. Så ser opp for både det eine og det andre.

    Molteparadis for alle


    Orienteringspost + Breimstrimmen

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    Kortaste rås til Fløtravarden. På oppsida av vegen forbi Holestøylen.


    Les meir

  • 4. Juli Presteråsa

    Takk for turen til Strupen sist søndag. Vegard Myklebust guida oss trygt opp til ein perle av ein foss. For ein dag, for ei oppleving! Heile 27 deltakarar fekk ei oppleving utenom det vanlege. Les meir om turen og sjå bildene på Trimgruppa si facebook-sida.

    No på søndag, 4.7. er det ny tur. Vi gjentar suksessen frå i fjor og går Presteråsa frå Råd til Råda/Seimestøylen og vidare til Årdalsstøylen. Les meir om turen her.

    Les meir

  • Søndagstur til Strupen

    Sist hadde vi ein super tur frå Høygarden til Røsskleivgarden med 15 deltakarar, denne søndagen er det duka for ny tur.

    Søndag 27. juni: Trimgruppa arrangerer tur frå Myklebust (Myklebustdalen i Breim) til Strupen.

    Kl. 11.00: Samling innerst i dalen der vi skal finne parkering ved oppmøte.

    Turen er til dels bratt, med ein høgdeskilnad på ca. 300 m. Gangtid opp vil ta ca. 1,5 time. Vi tar oss god tid og bestemmer etter kvart kor langt og høg vi skal. Satsar på godt ver og bra deltaking. Dette vert ei fantastisk oppleving. Vegard Myklebust vil guide oss.

    Rune Fure

    Les meir