5. august Nesstøylen – Hestedalen – Restøylen

By | 5. august 2015

Sjå bilde av flott onsdagstur med trimgruppa. Husk neste onsdagstur, frå Allmenning til Veten, går den 19.8.

Av og til klaffar det med flott turvêr. Mellom 2 regnversdagar fekk vi ein mild og nesten vindstill kveld til onsdagsturen vår. 10 sprekingar var med på ein spektakuler kveldstur frå Kandal via Hestedalen til Redstøylen og ned. Etter 5 timar var vi tilbake på Reed og enda var det 15 grader. Takk for fine bilder, Reidun

DSC_0054 DSC_0055 hestedalen  hytte DSC_0064restæylen

 

 

Onsdagstur med trimgruppa. Vi går! Ser ut til at veret blir nokonlunde ok. Vi blir ca 10 stk. i følgje. Husk niste 🙂

Turleiar: Sabine Exner (tlf. 48053040) og Jon Fossheim (tlf 99202698). Påmelding fram til tysdag, 4.8. kl. 20.00 pga. organisering av skyss opp til Nesstøylen (tlf. 48053040)

Avgift: 30 kr.

Oppmøte: Kl. 17.00 på Coopen på Reed eller ved Kandalskrysset kl. 17.10 eller Lyngneset ca. 17.20

Vi reiser i felleskap til Lyngneset på veg mot Kandal og set bilane her. Vi satsar på å bli frakta i traktormonterte sauekassar opp til Nesstøylen/Kandalstøylen .

Vi startar turen ved å følge dalen innover eit stykket før vi vender oss opp mot fjellet og går på merka sti opp til Hestedalen. Vi går vestover til sankehytta ved vatnet og vidare til «Nonstua». Her begynner vi nedstigninga til Restøylen.

Etter vi har skrive oss inn i støylsboka (og fått 5 trimpoeng!) og beundra den storslagne utsikta følger vi råsa i vår eigen tempo ned til Lyngneset og bilane. Vi må rekne med fuktig sti og gode sko er viktig.

Gåtida blir ca. 4 t. Kjøring kjem i tillegg. Deltakarar bør vere litt trente og fjellvande.

Dette er ei gøymt perle i Breim!