Lagsmeisterskap friidrett
Tysdag 22.9 arrangerte vi LM i friidrett på Byrkjelo stadion. Sidan det er vanskeleg å gjennomføre mange øvingar i løpet av ei kort kveldsøkt, så har vi tidlegare i haust også gjennomført ein del konkurransar i enkeltøvingar. Totalt har vi hatt 62 deltakarar på LM, og 209 starter. Det har vore mange som har fått prøvd seg i mange ulike øvingar, og vi har fått mange personlege rekordar og ikkje minst sett mykje fantastisk idrettsglede. Det er det viktigaste!
Resultat og TAKK!
Vedlagt finn de resultata, og vi i friidrettsgruppa vil samtidig takke alle som har vore med og bidratt på ulike måtar for å få til mykje god friidrettsaktivitet. No tar vi ein liten pause for dei minste, dvs dei under 10 år. Dei andre har vi treningar for på Byrkjelo stadion litt til framover.
Seinare på hausten vert det meir basistrening, trening som passar og er viktig for alle idrettar, det blir tysdagar i Breim barnehage.