![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2015/11/Smågutar-KMfinale-heime-665x499.jpg)
Smågutane hadde god kontroll på Årdalstangen i første KM-finale på Reed søndag ettermiddag. Det blei til slutt 9-4 og eit godt utgangspunkt før siste finalekamp mot Dale. Onsdag blei det 1-12 mellom Årdalstangen og Dale i Årdal. Det vil seie at berre siger gjev KM-tittel for våre smågutar når dei reiser til Dingemoen for å møte Dale på søndag. Ved uavgjort vinn Dale med betre målskilnad.