JR NM i Volleyball

By | 10. desember 2015

4-6. mars skal BBIL, Jølster IL og Fjellhug/Vereide arrangere NM i Volleyball for U19 i Trivselshallen på Sandane. Totalt kjem 32 lag, ca 400 av dei beste juniorspelarane i landet, til Sandane og Trivselshallen. I tillegg kjem støtteapparat og publikum.

Formålet med arrangementet er å fremje interessa for volleyball i Jølster og Gloppen, samt drive marknadsføring for distriktet generelt og Trivselshallen som idrettsarena spesielt. Eit så stort arrangement vil kreve mange frivillege og vi håpar Breimningane stiller på samane med Jølstringar og Sandensarar.

Nyleg var Volleyballforbundet og kretsen på synfaring og møte med representantar frå idrettslaga.

Tilbakemeldingane var svært positive! Du kan lese reportasje frå Firda her

Føler du kallet og vil gjere ein innsats før, under eller etter meisterskapen??

Ta kontakt med Vegar på 93 00 93 83 eller epost: vegar@breim.no

Sjå meisterskapen si eiga nettside her

arr_logos3