På fredag er det karusellrenn på Utvikfjellet, og vi legg første gruppa på IDK til fjellet. Vi startar kl.18.00, karusellrennet startar kl.18.30 (fristil) . Alle som deltek på skirennet får premie. Ta med noko å ake på, ski eller akebrett. Tautrekket vert ope. Det blir ingen kiosk, så ta med varm drikke og mat om de ynskjer det. Det er mulig å fyre opp grua om nokon vil grille pølser. Og ein må kle seg for å vere ute i to timar. Vi avsluttar på Utviken ca kl.20. Den eldste gruppa på IDK møter på stadionbygget som vanleg.