Eldsjelprisen 2015

By | 15. mars 2016

Ola Bergheim vart under årsmøte til Breimsbygda idrettslag tildelt Eldsjelprisen 2015. Ola har vore leiar i vektløftargruppa gjennom fleire generasjonar og dei siste åra har vektløfting og styrketrening hatt ein skikkeleg opptur i Breimsbygda. Ein velfortent pris!

Arbeidsutvalet i Breimsbygda idrettslag kan årleg tildele Årets eldsjelpris etter vurdering av innkomne kandidatar. Dette er grunngjevinga for tildelinga av Eldsjelprisen 2015:

Årets eldsjel har vore leiar i vektløftargruppa gjennom fleire generasjonar. Han starta opp med
vektløfting i gamle Bergheim Skule. Seinare var det tillaga vektrom i lageret i Stadionbygget. lkkje
optimale forhold, men denne gav likevel vektløfting og styrketrening ein oppsving, og det vart fleire
aktive. Dei siste åra har vektløfting og styrketrening hatt ein skikkeleg opptur i Breimsbygda.
Vi har fått 1·2·3 treningsstudioet, med ei eiga avdeling for frivekter, som naturleg nok fekk namnet
OLAROMMET. Der er det godt lagt til rette for trening med frivekter, og diverse anna utstyr.
Med desse fasilitetane har han fått ein framifrå stad for å kunne holde på med det han er aller best
til: å tilrettelegge trening og instruksjon for alle som ønskjer å prøve ut vektløfting, styrke/spenst
og basistrening.

Han har ein enorm kunnskap om trening generelt og styrketrening spesielt! Denne kunnskapen
ausar han av til alle som ynskjer det , uansett om dei er unge, eldre, frå andre lag eller idrettar.
Styrke/basistrening er noko alle treng enten ein er aktiv utøvar eller berre mosjonist, er mottoet
til årets eldsjel.

Dei siste åra har han fått fram mange unge løftarar, som hevdar seg godt på nasjonalt nivå, særleg i
Ungdoms- og juniorklassene. Han har trena fram løftarar frå Breimsbygda som har teke både gull,
sølv og bronse i Jr.NM og Ungdomsmeisterskapet. Ein utøvar har også hevda seg i senior- NM, sjølv
om han er ungdomsløftar. Det er utruleg kjekt at også ein del jenter har funne sin idrett i vektløftinga.
Vi kan nemne at BBIL har 6-7 utøvarar som er kvalifiserte til Jr-NM i 2016.

Den 25.04.2015 arrangerte BBIL og BRODD Jr.NM i vektløfting i Trivselshallen på Sandane. Her sto
sjølvsagt han i bresjen for dette arrangementet, som fekk mykje skryt frå utsendingar frå
Vektløftarforbundet. Stemnet blei ”livestreama”, ei flott marknadsføring av Trivselshallen, og
Gloppen og Idrettslaget.

Andre, mindre stemner arrangerer han nærast heile tida, i 123 lokala. Her med god hjelp frå unge
dommarar frå miljøet. Ola har arrangert fleire dommarkurs, slik at laget er sjølvhjelpte med
kvalifiserte dommarar. Han har sett verdien av å gje dei unge både tillit og ansvar slik at dei sjølve
kan vidareføre idretten. Gruppa har og arrangert løfteskular, krinsårsmøte og tre krinssamlingar siste året.

Utøvarar frå BBIL har delteke på mange stemner rundt om i landet, helle tida med han som reiseleiar,
trenar, reservepappa, fotograf, osv. Også som trenar i friidrettsgruppa og GFIL stillar han på ved behov.
Ola er eit stødig innslag som funksjonær i kastøvingane på Byrkjelo Stadion og har i dag leiarvervet i Vektløftarkrinsen.

Etter han pensjonerte seg, har han stort sett hatt tilhald på 123, (takk for det Grete! ) eller er i ferd
med å redigere bilde eller opptak frå eit eller anna løftestemne eller trening, som bli lagt ut på nettet,
med analyser og kommentarar til.
Han er svært oppteken av internasjonal forsking på trening, idrett og folkehelse. Dette slik at våre
utøvarar alltid får innføring i det siste på treningsfronten.
Vi kan vel seie det slik at vi er blant dei få, som har trenar og leiar «på heiltid» GRATIS.
SJELDAN HØVER VEL UTTRYKKET «El EKTE ELDSJEL, SOM BRENN FOR IDRETTEN»,
BETRE ENN PÅ
OLA BERGHEIM.”