Stimulanseprisen 2015

By | 15. mars 2016

Under årsmøte til Breimsbygda idrettslag 28.februar vart Robert Andre Moldestad tildelt laget sin stimulansepris. Robert Andre trenar seriøst og målbevisst for å kunne prestere på eit høgt nasjonalt nivå, innan fleire idrettar og var ein verdig vinnar av Stimulanseprisen 2015.

Det er arbeidsutvalet (AU) i Breimsbygda idrettslag som kan tildele Stimulanseprisen årleg etter vurdering av innkomne kandidatar. I begrunninga for Moldestad som årets prisvinnar, har AU sagt følgjande:

“Han trenar seriøst og målbevisst for å kunne prestere på eit høgt nasjonalt nivå, innan fleire idrettar.
I sesongen 2015 deltok han aktivt i vektløfting, friidrett og handball.
På treningssida har han lagt ned ca 500 treningstimar i 2015.
Har ei god forståing av «å skunde seg langsamt», og åta steg for steg.

HANDBALL
I sesongen 14/15 spelte han på STIL sitt G15 lag i handball. Der han markerte seg som ein
av dei best trente på laget, som enda omlag midt på tabellen.

VEKTLØFTING 2015
1. Stimulansepris: Framlegg om Robert Andre Moldestad.
Grunngjeving: Som det går fram av årsmeldinga er han både den i vektløftargruppa som har
delteke på fleste stemne (15 stemne og 3 krinssamlingar) og har dei beste idrettslege
plasseringane i vektløftargruppa i 2015, på nasjonalt toppnivå:
a) Vestlandsmeister i Bergen i januar
b) Nr. 1 i junior-NM på heimebane i Trivselshagen i april
c) Nr 2 i klasse 15-16år under NM 5-kamp i Larvik i september, etter eitt år eldre Eskil Andersen frå Stavanger som var Noreg sin einaste deltakar på EM ungdom.
d) Nr 1 i Ungdoms·NM på Hitra i november
e) Med på ungdomslaget (opp til og med 17 år) som for første gong kvalifiserte seg til Lag-
N M (dei 4 beste laga i lagserien etter 4 serieomgangar). Under Lag-NM på Vigrestad i
desember vart BBIL vart nr 3. Individuelt fekk Robert Andre der pokal for 3. beste
ungdomsresultat, i kamp med opptil 2 år eldre utøvarar.
f) Med resultata 75 kg i rykk og 92 kg i støt under lag-NM kvalifiserte Robert Andre seg
som den første i BBIL til deltaking i senior-NM 2016, som går i Trondheim i februar. Vi er
ikkje kjent med at nokon i hans vektklasse (56-62 kg kroppsvekt) verken på ungdoms,
junior eller seniornivå løfta meir enn han i 2015. Robert Andre vil difor vere ein av
medaljefavorittane også på senior-NM. Det er sterkt av ein 15-åring å løfte 1,5 gong eiga
kroppsvekt!
g) Robert Andre er også ein av dei beste sprinte rane i landet i si årsklasse. Og difor sterkt
medverkande til at BBIL sitt lag i gutar opptil 18 år for første gong vann 5-kampserien.
Pokalen som vinnar vart utdelt av president Per Mattingsdal på banketten i samband
med Lag-NM på Vigrestad.
h) Robert Andre var også sjølv med 2 år att i ungdomsklassa – heilt opp under kravet for
deltaking i Nordisk Meisterskap for ungdom. Dette kravet vil han klare i 2016 ut frå den
utviklinga han har hatt og den innsatsen han legg ned i treninga. Det vil i så fall bli ein tur
til Island i slutten av oktober der Nordisk meisterskap 2016 skal vere.
(dette klarte han under senior N M førre helg, der han løfta 80+100 kg, pers med 9 kg.
som gav sølvmedalje)
I tillegg til stor deltaking og høgt sportsleg nivå i vektløfting, har Robert Andre i 2015
også tatt dommarkurs i vektløfting der han klarte kravet til forbundsdommargrad.
Han er av dei utøvarne som er interessert i trening og leiing, og har tatt
Barneidrettstrenarkurs som første skritt på den vegen. Han fylgjer svært godt med på
informasjon om trening, både i og utanfor vektløfting. Og er svært sjølvstendig og
fornuftig utprøvande i treningsarbe idet . Han er ein av dei som tar ansvar og rettleier
andre når hovudtrenar ikkje er til stades.
Oppsummerande har Robert Andre i 2015 vist – og spesielt i høve til alder (15 år, f.
04.01.2000) – alle dei kvalitetane vi meiner er viktig å stimulere vidareutvikling av og
setje opp som rollemodell i form av ein stimulansepris!

FRIIDRETT
Den gode framgangen frå 2014 har ha Ide fram, og han har etablert seg blant dei beste sprinterane i
landet i si klasse. I sesongen 2015 har han delteke på ca 15 ulike stemner og stafettar.
Det store målet for sesongen var UM på Lillestrøm. Der blei han nr 3 på 100 m med tida 11.65. I
2015 forbetra han persen på 100m med over eit sekund. Med det resultatet er han og kvalifisert
for Jr.NM i 2016.
Her er plassering, øving, resultat og øving i fylket og i landet.
Plass i Sogn og Fj. Resultat Plass i Noreg, av i alt.
1.pl 60m 7,61 4.pl av ca 100 stk
1.pl 100m 11.65 3.pl av 135 stk
1.pl 200m 24.60 17.pl av 130stk
2.pl400m 58.62 19.pl av ca 50 stk
1.pl Lengde 5,29 21.pl av93 stk
1.pl Tresteg 11.04 13.pl av 50 stk
2.pl Kule 4 kg 11.07 21.pl av ca 100 stk
2.pl Spyd 600 g 35.36 25.pl av 63 stk

Er framleis i god trening og satsar no primært på FRIDRETT og VEKTLØFTING, men er oppteken av
allsidig utvikling for å nå sine mål.
Har og teke trenarkurs i Barneidrett, og vore trenar på Friidrettsskulen for dei yngste.
Har ei god haldning både på og utanfor bana, som gjer han til ein god rollemodell for dei yngre
utøvarane.”

VI GRATULERER ROBERT ANDRE MOLDESTAD MED STIMULANSEPRISEN 2015!!