Friidrett – stafett-trening

By | 26. mars 2016

Våren og lette løpesteg nærmar seg! Vi startar opp med stafett-treningar no rett etter påske – tysdag 29.3 kl. 18.00.

 

Aldersgruppa er 10 år og oppover. 10-åringer kan stille på laga, men vil i så fall telje som 11-åringar.

Vi vil stille på Olden (siste søndagen i april), Breim (første søndag i mai), kanskje Vik (juni). Ørsta stafetten er 14 mai, det er bane stafett med 4 x 100 m for klassene 10 år og yngre og 1000m stafett for klassene over 11år, den må vi eventuelt vurdere om det er aktuelt å stille på.
Hovudtrenarar vil vere Linda og Åge. Fleire foreldre har sagt at dei kan bidra, og det håpar vi at de gjer! Det er bra å vere fleire til å organisere aktiviteten.

Vi veit at treningane vil kollidere for fleire. Frå og med første veka i april tar vi derfor to treningar i veka
– tysdagar klokka 18.00 på Reed
– torsdagar på Byrkjelo, klokka 18.00

Sannsynlegvis vil det likevel vere kollisjon for nokon som har lyst til å delta på stafett …. Ta i så fall kontakt med oss i friidrettsgruppa (Åge Indrebø, Linda van Hulst, Reidar Moldestad, Are Gil, Linn Solheim eller Anne-Merete Kleppenes)!

Til foreldre og andre vaksne i bygda:
• Vi oppmodar om at vaksne stiller herrelag og damelag på Breimsstafetten!
• Foreldra må gjerne vere med på treningane, prøve seg på å springe saman med ungane. Dei vil syns det er kjekt, og de vil sjå at «monsterbakken» faktisk kan vere litt tøff….

Uttak av lag:

Det er alltid vanskeleg å ta ut lag, mange har lyst til å vere med! Vi må likevel gjere eit val, og no har vi satt opp desse kriteria for uttak i år:
• Oppmøte på treningar, spesielt for dei yngste
• Alderssammensetning – stafettlaget kan setjast saman ut frå ein viss aldersfordeling, og innanfor den vil vi sette opp det vil meiner er det beste laget.
• Prestasjonar og innsats, gjeld spesielt dei som er 13 år og eldre!
• Evne til å yte/meistre distansen (monsterbakken kan rett og slett ikkje alle bli satt opp på, det vil øydeleggje for idrettsgleden for enkelte, fordi dei vil ikkje meistre den).
• Uttaksløp, vi skal annonsere når vi set opp det!