Damelaget spelte uavgjort 2-2 mot Stryn heime på Reed onsdag kveld. Maria Kleppe scora begge måla i ein tett og jamn kamp. Bilete og kampfakta finn du på haugenfotball.no
Det er no rekordtett i 3. divisjon damer. Kun 6 poeng skiljer dei 8 laga i serien, og Breimsbygda/Sandane ligg på 3. plass, berre 1 poeng bak serieleiar Høyang. Høyang kjem på besøk til Gloppen torsdag 8. September i det som truleg blir ein avgjerande kamp for kven som vinn serien.