Siger mot Sandane 2

By | 12. september 2016

Herrelaget slo Sandane 2 på bortebane. I ein målrik kamp blei det til slutt siger 6-5. Kjetil Løkke Vie var banas klart beste spelar med 4 scoringar og herja godt med Sandaneforsvaret. Daniel Klakegg og Geir Andre Erikstad scora dei to andre måla.
Med denne sigeren er det framleis sjanse for å vinne serien når to kampar gjenstår. Nest siste kamp er heime mot serieleiar Flatraket/Selje 2. Vi er uansett det nest beste laget i Gloppen då Hyen ikkje kan ta oss igjen, slik dei gjorde i siste serierunde i fjor 🙂