![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2015/12/BBIL-4-farge_web.jpg)
Vintersesongen i Breimsbygda idrettslag starter denne veka og treningstider er no lagt ut for dei aktivitetane som er klare. Vi har ikkje fått på plass trenarar/leiarar til alle aktivitetar enda, men håper at dette kjem på plass om kort tid. Vi vil oppdatere nettsida fortløpande, du finn lista på undermenyen Treningstider vinter 16/17.
Vi har laga eit nytt opplegg for idrettsskulen i år. Det er to grupper som tidlegare; 1.-2.klasse og 3.-4.klasse. Innholdet i idrettsskulen vil rulere mellom dei ulike særidrettane, slik at alle kan få prøve ulike idretter. Les meir om dette og kva timeplanen er i vinter på undermenyen Idrettsskulen 2016/2017
Når heile timeplanen er på plass vil du få ein fin oversikt i posten som du kan henge på kjøleskapet.
Har du lyst å bli med å ta ansvar for nokon grupper eller aktivitetar som du ser manglar på timeplanen? Ta kontakt med Kristen Helge Kleppe eller Kristin Sandal. Du finn kontaktinfo her.