Elias Helle Felde utteken på talentcamp i alpint

By | 25. januar 2017

Elias Helle Felde er utteken på Skiforbundet sin «talentcamp»for U14 løparar i landet, kriteriet er at du samanlagt på desse to renna er rangert blant dei 10 beste i di klasse. Elias deltok førre helg på Re:member Cup alpint (uttaksrenn for internasjonal barnerenn) på Trysil og køyrde inn til ein god 11. plass i storslalom på laurdag og søndag knalla han til med 6. plass i slalom. Skigruppa er fantastisk stolte av prestasjonen og det var ei glede for oss at han no er utteken på talentcamp`en. Prestasjonen håpar vi er til stor motivasjon, ikkje berre for løparar i klubben, men for heile fylket.Det viser at Breimningane kan hevde seg i landstoppen i åra som kjem, også innan skiidretten.

.