Svært gode resultat av Andreas Hetle under Jr. NM langrenn

By | 12. mars 2017

I helga har det vore arrangert Jr. NM i langrenn og Andreas Hetle har gjennomført svært gode renn.

Fredag 15. km friteknikk:

Andreas låg heile løpet blant dei tre beste, so var han uheldig og datt i ein nedoverbakke. Då kom han inn på ein svært god 7. plass. Han var litt missfornøgd med at han kanskje berre var eit «fall» frå pallen.

Laurdag 10 km klassisk:

Inn til ein 9. plass, berre 20 sekund bak pallen, nok eit svært godt løp. Kunne hatt enno betre ski, men brukbart fornøygd. Ikkje minst med at kroppen fungerte godt med to harde løp.

Søndag, stafett junior

Andreas hadde første etappe og veksla til ein fjerdeplass, 3-4 sek bak tet. Ein kjempeeteappe, og etter hans eige utsagn kanskje det beste løpet han gjorde.

Andreas har hatt kyssesjuka sidan tidleg haust/sommar, og har ikkje fått gjennomført treninga slik som planlagt, vanskar med restitusjon har det vore. Den siste tida har det gått betre, men resultata under jr NM er heilt fantastiske med tanke på det han har vore gjennom. Supert jobba Andreas.

Dersom de vil sjå alle resultat finn de nettsidene her:

https://www.skiforbundet.no/harstad/