Breimsbygda Idrettslag mÃ¥tte ut i strafferunde og ekstraordinært Ã¥rsmøte søndag for Ã¥ fÃ¥ medlemmer i styre og AU pÃ¥ plass. Vi har no fÃ¥tt pÃ¥ plass ny leiar samt ny nestleiar, sekretær og styremedlem 2 ! Kven som har teke pÃ¥ seg jobben med Ã¥ leie idrettslaget finn du ut ved Ã¥ lese vidare…
Ny leiar i Breimsbygda IL er Bjarte Gangeskar!
Etter eit par års pause frå styreverv i idrettslaget har Bjarte takka ja, og blitt valgt til ny leiar. Med seg i det nye arbeidsutvalget/styret har han fått Vegar Sårheim som nestleiar, Gro Larsen Hjelle som sekretær og Erik Seime som styremedlem 1.
Camilla Heggen (styremedlem 2) og Ardis Løtuft (kasserar) sit i AU frå før. Alle gruppeleiarar har teke gjenvalg, så styresamansetninga er ellers som før.
Du finn oversikt over alle medlemmer i AU og Styre her
Vi ynskjer å takke avtroppande leiar Kristen Helge Kleppe, nestleiar 1 Olav S. Egge og sekretær Elin Bergheim for jobben dei har gjort for idrettslaget i mange år!
