Spektakulær tur i flott vêr og litt dårleg lagånd

By | 27. august 2017

I dag låg alt til rette Trimgruppa sin langtur til Vora. Kl. 9 starta ein stor gjeng på heile 24 turgåarar og 2 hundar frå garden på Strand. Første gjekk vi jamt og bratt oppover gjennom skogen. Men når vi nådde støylen, kunne den eigentlege fjellturen i strålande solskin begynner. Fram til Nonselvvatnet var det godt merka rås, men ikkje vidare oppover fjellet. Men guiden Gudmund viste veg og prøvde å halde feltet samla. Det var ingen lett oppgåve i dag, for nokon hadde ekstra hast med å nå toppen.

Utsikta på topp-platået kunne ta pusten frå kven som helst, og det var morsomt at Kåre Nyland klarte å zoome inn på oss frå Breimslia og ta bilde. Utan nokon takk og farvel forsvann deretter mange av deltakarane nedover forskjellige fjellsider, og dei vart ikkje sett igjen. Guidane kan berre håpe at alle kom seg vel ned. Dei siste i følgje klarte uansett med god margin å nå ned til bilane etter oppsett tidsskjema. Takk for turen.

Sabine