God innsats av «våre» på UM Friidrett

By | 3. september 2017

Ungdomsmeisterskapen (UM) i friidrett er å rekne som uoffesielt NM for aldersbestemte klassar, her møtest dei beste i frå heile Noreg! Årets arrangement har vore denne helga, på Fana stadion. Frå Breimsbygda har vi hatt med tre deltakarar: Robert Andre Moldestad (100 m og 200 m), Kaya van Hulst Sahin (1500 m hinder og 2000m) og Leiv Arne Støyva Sårheim (kule og diskos) deltatt – med gode prestasjonar.

Leiv Arne fekk ein super 3.plass i kule (5 kg) med eit lengstekast på 13.15 m, og i diskos vart han nummer 5 med resultatet 36,79 m.

Robert Andre deltok og i klassen g-17, og han satte personleg rekord i forsøksheatet på 100 m, og kom i mål på 11.55 sek, og kvalifiserte seg med det til finalen! Der vart han nummer 8. På 200 m sprang han i mål på ei bra tid; 24,41 sek. Han var spesielt godt fornøgd med den tekniske gjennomføringa av løpet, så det var bra!!

Kaya stiller i gutar 15 år og deltok for første gong på UM. Kaya har hatt ein god sesong med mange konkurransar og gode tider, men klarte likevel å heve seg i konkurransane i Bergen. På 1500 m hinder kom han inn på 4.plass, på 4,52, 31 og på 2000m vart Kaya nummer 14 på tida 6.14.29. Begge desse resultata er personlege rekordar for Kaya. Betre kan det vel ikkje bli?


BBIL-gjengen reiste saman med utøvarane i frå resten av Gloppen, og dei rapporterer om god stemning og ein kjekk tur.