![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2015/01/DSC_0876-665x443.jpg)
I år deltok ca. 80 trimmarar på Reinløpet. Når ein trekker i frå reinsdyrflokken, som ikkje ville betale startkontingenten, så var talet 55.
Vêret var passeleg i dag, mildt, skya, med nokre solglimt. Dei fleste gjekk den oppsette løypa via Torheimstøylen, der ein får ei fantastisk utsikt. På Støyvastøylen fekk vi kaffi, saft, frukt og sjokolade. Takk til Nils Even Bjørnereim for lån av det fine selet ditt.
I dag gjekk 19 personar som aldri hadde gått før. 3 hadde gått 3 gongar og hadde rett på bronsemerke: Norunn Nybø. Eiril Paulen og Asbjørn Paulen.
6 hadde gått 6 gongar og kunne få sølvmerke: Grete Saur, Jonas Nerhus Eide, Anders Paulen.
Guro Johanne Hole Hervik har gått 9 gongar og kunne få gullmerke. Av dei som gjekk i dag har desse gått flest gongar: Solveig Lunde (25x), Kjell Hjelle (25x), Solfrid Paulen Egge (24x) og Per Nerhus (23x).
Vi trekte 3 Reinlæpet t-skjorter på startnr. og dei heldige var: Astrid Volle, Kasper Olai Paulen og Ruth Fuglestrand. Gratulerer!
Sabine