
7. februar blei årsmøtet i Trimgruppa avvikla.
Vi møttes heime med Jon og gjekk gjennom dei vanlege årsmøtesakene. Vi hadde også tid å sjå litt på aktivitetane framover, utan å bestemme noko enda. Kanskje det vert topptur til Ryssdalshornet? I så fall vil vi gå frå Ryssdalen og etter toppen fortsette vidare til Restøylen og ned til parkeringsplassen i Lyngneset.
Ingen i styret har trekt seg, men Jon går av som leiar, men fortset heldigvis i styret. Han har vore med i styret sidan 2001 og som leiar sidan 2006. Fantastisk!
Astrid Volle blei valt einstemmig til vår nye leiar. Gratulerar.
Det nye styret ser difor slik ut:
Leiar Astrid Volle
Sekreter Britt Bakka
Nettansvarleg Sabine Exner
Styremedlem Rune Fure
Styremedlem Jon Fossheim
Du kan lese Jon si årsmelding her.