Olianna Felde med gode prestasjonar under Landsfinalen på Oppdal

By | 9. april 2018

Førre veka vart det arrangert Landsfinale i alpint (uoffisielt NM for 13-14 år) på Oppdal. Arrangementet er delt opp i årsklasser, dvs at 13 åringane og 14 åringane konkurrerer i kvar sine klasser, dette er nytt av året då det tidlegare har vore ei klasse. Frå Breimsbygda var det berre Olianna Felde som deltok, totalt var det 10 løparar frå Sogn og Fjordane som deltok.

Fredag 6. april super-G: ca. 80 jenter stilte på start i Vangslia på Oppdal. Olianna køyrde veldig godt frå startnummer tre og enda som nr. 11.

Laurdag 7. april storslalom: ca. 90 jenter stilte til start i Hovden på Oppdal, svært krevjande trase. Olianna køyrde to jevne omgangar og enda til slutt som nummer 21.

Søndag 8. april storslalom: ca. 90 jenter stilte til start i Hovden, bratt heng i starten av løypa, deretter ganske flatt og fint. Olianna køyrde to jevne og brukbare rundar og enda som nummer 23.

Alle resultat frå meisterskapen finn du her: http://alpint.oppdalil.no/storage/files?uid=1101565817&pfi=26880

Skigruppa grattulerer med flotte prestasjonar og håpar dette motiverer til innsats framover.