Reinløpet – resultat

By | 6. september 2018

Og slik gjekk det på Reinløpet 2018:

Vi fekk ha Reinløpet siste dagen før det store regnet sette inn. Det var fint vêr, men litt kalde  vind.

Vi klarte å unngå kollisjon med presentasjonen av dei nye konfirmantane, men det var visst også ei handballturnering ein plass. Nokon var smarte og starta før den offisielle registreringa begynte for å vere med på begge delar.

Av dei 56 (utan hjelparar på Støyvastøylen) som registrerte på løpet, trekte vi 3 vinnarar som fekk kvar si t-skjorte. Vi gratulerer Linn Kristin Øren, Lena Exner og Marte Beate Nerhus Fure.

Gullmerke (9 gongar): Kåre Hetle, Anton Kleppe

Sølvmerke (6 gongar): Jostein Nerhus Eide

Bronsemerke (3 gongar): Kristin Felde, Jakob Felde, Åse Heggdal, Kari Paulen, Aslak Felde Sårheim

Diplom (1. gong): Lena Exner, Anna Essel, Per Berge, Linn Kristin Øren, Arnfinn Øren, Hanne Øren, Sunniva Øren Lerigul, Oliver Holvik Øren, Severin Øren Sele, Lune Van Hulst, Monrad Kleppe, Julie Nerhus Eide, Olina Roset, Heidi Fure, Teli Håvik, Anna Felde Hasund

 

 

 

Reinløpet i 2018 blir no på søndag, 9.9.18

Registrering til kl. 10.30 – 12.00.

Møt opp på parkeringsplassen på Sandtaket på Utviken.

Startkontingent er for vaksne 50 kr, for barn 30 kr og for familiar 100 kr.

Som tidlegare trekker vi flotte t-skjorter med Reinløpet-motiv blant alle som har gått turen.

Husk å gå ruta via Torheimstøylen. På Støyvastøylen ventar kaffi, saft, frukt og sjokolade. Fint om alle stikk innom her.

For å utdelt premien, diplom og få kjøpt bronse/sølv-og gullmerke, må ein ha komt ned igjen til kl. 15.00.

Du får vite kor mange gongar du har gått allereie ved start. Diplom får alle som går for 1. gong.

Velkomen og god tur på ein fin haustdag. Ver med å halde ein god gamal tradisjon i hevd.

P.S. får vi eit gjensyn med reinen?