May Britt Solheim Kvellestad til landsfinalen

By | 4. november 2018

May Britt vann Sogndal Fotball si kÃ¥ring «Ã¥rets fotballmamma» i konkurranse med 22 andre andre kandidatar. Med dette sikra ho klubben 10.000 kroner og ho er med vidare til den nasjonale finalen. Der møter ho vinnarane frÃ¥ dei andre 15 klubbane i Obos-ligaen i kampen om Ã¥ bli «Ã¥rets fotballmamma».
Avstemninga avsluttast 15. november og dei tre mødrene som då har fått flest stemmer går til Superfinalen. Desse tre blir invitert til Fotballfesten på Ullevaal stadion, søndag 26. november. Der skal den endelige vinnaren kårast. Årets fotballmamma vinn en premie til seg sjølv, og 50.000 kroner til klubben sin.

Du kan sende inn stemma di på May Britt og Breimsbygda her:
– Ã…rets fotballmamma i Obos-ligaen

Her er teksten om May Britt som blei sendt inn:
«May Britt er ei fantastisk dame! Ho har tre aktive born, er geitebonde og assistent pÃ¥ Breim Skule. ho er fotballtrenar, og aktiv supportar pÃ¥ fleire lag i Breimsbygda. Ho motiverar spelarane, og køyre eine sonen pÃ¥ sone og kretstrening.

Ho seier alltid ja nÃ¥r det er behov for dugnadshjelp! Bla pÃ¥tok ho seg kioskansvar pÃ¥ Breimsbygda si miniputt-turnering, sjølv om ho ikkje har ungar med der lenger! Alltid kjekt Ã¥ vere kring May Britt!»

Her kan du lese sigersintervjuet på Sogndal Fotball si nettside:
http://www.sogndalfotball.no/nyheiter/lokal-fotballmamma