Som sikkert ein del har fått med seg har vi i år gått over til NIF sitt system for medlemshandtering. Vi har gjennom våren og sommaren oppmoda alle medlemmer om å sjekke / registrere seg på ´Min Idrett´. Det som er registrert der gjev grunnlaget for utsending av faktura av medlem og treningsavgift for 2019, saman med innrapporterte aktivitetstal frå gruppene.
I dag har vi byrja å sende ut faktura på e-post for dei som er registrert med e-post på Min Idrett. Dette er nytt for oss, så det gikk litt skeis…
For dei som har fått fleire e-post frå oss vil vi opplyse om følgande:
- første e-post inneheld ikkje PDF av faktura
- på andre forsøk fekk du med PDF av faktura
NB! vi er ikkje ferdige å sende ut, så om du ikkje har fått e-post endå kjem dette mest sansynleg i løpet av dagen.
I og med at vi har gått vekk i frå familiemedlemskap får alle eigen faktura.
Vi beklagar om dette har blitt litt rotete, men håpar du forstår kva medlemmer i din familie har blitt fakturert for. Dersom du har spørsmål kan du sende spørsmål til idrettslaget på faktura@breimsbygda.no
Enklaste måten å sjekke samt betale på er å logge seg på ´Min Idrett´ og betale direkte der! -> https://mi.nif.no/