Idrettskulen startar 22. oktober

By | 11. oktober 2020

Vert gjennomført for aldersgruppa 1. til 4. klasse.
10 og 11 åringar kan delta dersom dei ikkje er med på treningar i særgruppene.

Det er ulike oppmøteplassar gjennom året. Sjå nederst for meir info og årsplan. Vi satsar på ein snørik vinter med gode muligheiter for aktivitet på Utvikfjellet. Det er difor ikkje lagt opp til idrettskule i januar/februar utover treningstidene til skigruppa, men vi prøver oss på nokre økter før påske igjen.

Idrettsskulen vil fokusere på to ting:

1.Basisferdigheitar: Dette er grunnleggande trening som er viktig for alle, men spesielt barn og unge, for å utvikle seg sosialt og fysisk. Eksempel på slik trening er koordinasjon, balanse og rørsle.

2.Prøve ut eit breitt aktivitetstilbod: Bli introdusert for-og få teste ut flest mogeleg idrettar i ung alder er eit mål for idrettskulen. Idrettslaget har tru på at allsidigheit verkar positivt på utviklinga til barn og unge og dei får opplever meir mestring som gjev motivasjon som motverkar at ein vel å slutte med trening.

IDRETTSSKULE
1.-2. klasse TORSDAG KL. 1800-1855
3.-4. klasse TORSDAG KL 1905-2000
Veke Dato Aktivitet Oppmøte Merknad
43 22.okt Basis Byrkjelo gymsal  
44 29.okt Friidrett Byrkjelo gymsal  
45 05.nov Handball Breimshallen  
46 12.nov Volleyball Byrkjelo gymsal  
47 19.nov Friidrett Byrkjelo gymsal  
48 26.nov Vektløfting Byrkjelo gymsal  
49 03.des Handball Byrkjelo gymsal  
50 10.des Volleyball Byrkjelo gymsal  
51 17.des Basis Byrkjelo gymsal  
52 JUL/NYTTÅR      
1 07.jan Fotball Byrkjelo gymsal  
2 14.jan Friidrett Byrkjelo gymsal  
3 21.jan Fotball Byrkjelo gymsal  
4     Utviken Treningane til skigruppa
5     Utviken Treningane til skigruppa
6     Utviken Treningane til skigruppa
7     Utviken Treningane til skigruppa
8 VINTERFERIE      
9 04.mar Vektløfting Byrkjelo gymsal  
10 11.mar Handball Breimshallen  
11 18.mar Basis Byrkjelo gymsal  
12 25.mar Friidrett Byrkjelo stadion Evt. Byrkjelo gymsal
13 PÅSKE