Medlem og treningsavgift 2020

By | 23. oktober 2020
DU FÅR SNART EI REKNING
Den kjem på e-post, eller for nokre få i postkassa, og gjeld medlems og treningsavgift for 2020.
 
På grunn av pandemien og seinare problem med systemet for fakturering, har vi venta litt med å sende ut denne. BBIL har i utgangspunktet låge avgifter samanlikna med andre lag. Så sjølv om tilbodet har vore redusert ein periode, vert ikkje medlems- og treningsavgifta avkorta. Vi vonar at dei fleste vil ha forståing for dette.
Idrettslaget har tapt inntekter under nedstenginga. Noko av dette vert kompensert gjennom reduserte utgifter og gjennom den siste kompensasjonsordninga frå regjeringa. Vi har store oppgåver framfor oss. M.a. når det gjeld vedlikehald og utbetringar på anlegg. Det er difor viktig for oss å oppretthalde inntektene, sjølv om aktiviteten i ein periode har vore lågare enn vanleg.
Vi vonar at folk og hugsar på at BBIL bidreg med meir enn den organiserte idrettsaktiviteten. Idrettsklubben, 123 treningsstudio, spinning, frisbeegolfbane, eigarskap i Breimshallen og Breimsbygda skisenter og opparbeiding av turløyper er døme på slike bidrag.
Breimsbygda Idrettslag ynskjer å være meir for bygda enn berre eit vanleg idrettslag. Dette er ikkje mogleg å få til utan ei stor medlemsmasse «i ryggen».
Faktura vert sendt ut på e-post i dagane framover. Så om du går og ventar på faktura så vent litt med å etterspør den.
Er du ikkje registrert som medlem kan du ordne dette her: http://www.breimsbygda.no/bli-medlem-i-bbil/
 
Info om faktura:
Vi gjer merksam på at systemet til NIF er litt rart satt opp slik at det kan gå ut flere epostar på same faktura. Dette gjeld spesielt der det foresatte si epostadresse som er blitt brukt både til barn og foresatte. Er det angitt fleire foresatte vil og alle få epost. Dette kan resultere i fleire epostar med same faktura…
Om dette gjeld deg, sjekk fakturanummer og KID, mest sansynleg er dette likt på alle.
Det skal ikkje være enkelt 😉