Basar – denne gongen digital!

By | 11. november 2020
DET BLIR IKKJE HEILT DET SAME MED DIGITAL BASAR som å møte «halve bygda» til kaffi og kaker i Breimshallen ein søndag ettermiddag i november. Basar vert det likevel om enn på ein annan måte.
 
Idrettslaget treng di støtte meir enn nokon gang.
 
Inviter nærkontaktene dine til ein kaffikopp og kjøp lodd digitalt. Det er veldig enkelt. Du kan betale både med vipps og gjennom vanleg overføring frå bank. Kvittering og loddnummer får du deretter på e-post.
 
Trekninga vert og digital og sjølvagt kombinert med utdeling av stimulanspris og pris til årets eldsjel. Dette skjer 10. desember, klokkeslett kjem vi attende til. Basaren er sjølvsagt godkjent av Lotteritilsynet.
 
Gå inn på basaren her: https://digitalbasar.no/