![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/03/20200825_182804.jpg)
Friidrettsgruppa hadde årsmøte 14.02.2021 og fekk summert opp eit litt rart år 2020, men og tenkt litt framover.
Det var mykje som gjekk ut på grunn av Covid19 i år 2020, men vi fekk gjennomført nokre småstemner og fleire av utøvarane i Breimsbygda idrettslag har fått vist seg fram i løpet av året. Helkjastøylen opp vart gjennomført i lag med orienteringsgruppa virtuelt både på våren og hausten, med mange deltakarar! For 2021 vil det (vertfall på våren) bli gjennomført på same måte.
Tilbod framover
Friidrett/basis for ungar i alderen 10-13år har vore eit tilbod som har gått for det meste som normalt, og vil framleis vere eit tilbod onsdagar. Idrettskulen for ungar i alderen 4-9 år startar opp i mai. Dette er eit tilbod der ungane får oppleve mykje leik, og får prøvd seg litt i nokre enkle og kjekke friidrettsøvingar. Denne treninga blir og onsdagar.
Vi ynskje å få gjennomført arrangement som let seg gjere i tida vi er i no. Breimstafetten er avlyst, men vi ser på om vi i friidrettsgruppa kan få til noko for dei yngste i laget. I tillegg ynskje vi å gjennomføre Lagmesterskap og Byrkjeloleikane, men dette tar vi litt etterkvart.
Vi i friidrettsgruppa vil ynskje alle velkomen på treningar og arrangement, her er noko for alle! Håpar vi ser deg i 2021!
Styret i friidrettsgruppa:
- Leiar: Reidar Moldestad
- Nestleiar/sekretær: Anne-Merete Kleppenes
- Styremedlem:
- Are Gil
- Kent Øystein Hjelle
- Ann Iren Festervoll
- Iselin Myklebust
- Per Erik Hjelle (ny)