VIKTIG INFORMASJON – SMITTEVERNREGLAR OG AKTIVITET I IDRETTSLAGET

By | 24. mars 2021
 
Då har styret i idrettslaget hatt møte og bestemt følgjande:
 
Idrettsklubben komande fredag vert avlyst. Vi tolkar regelverket slik at det hadde vore lov å arrangere. I og med at vi alle er oppmoda om å avgrense talet nærkontakter, ynskjer vi likevel å være føre var.
 
Alle spinningtimar er avlyst.
 
123 treningssenteret vert ope med desse endringane:
Tal personar som kan trene samstundes vert redusert til 6. Det er inntil vidare kun personar som bur i Gloppen kommune som får nytte treningssenteret. Dette betyr diverre at vi ikkje kan opne for heimreisande i påska. Personar som bur på hybel utanfor kommunen er ikkje rekna som busette i Gloppen i denne samanheng. Det er framleis påmelding via BBIL si nettside her.
Smitteverneglar elles som før.
 
Idrettsskulen torsdag og nøstetrim komande tysdag går som planlagt.
 
Særgruppene gjer eigne vurderingar på trening og aktivitet, men skal fylgje gjeldande retningslinjer for smittevern innafor si idrettsgrein. Personar frå andre kommunar, eller personar som har besøk frå andre kommunar, skal ikkje delta på treningar.
 
Fyrste veka etter påske vert det ikkje organisert aktivitet i regi av idrettslaget, d.v.s. i veke 14.
 
Styret tykkjer avgjerda over har vore vanskeleg. Dette både fordi regelverket opnar for tolking, men mest fordi vi ser at avgjerda set avgrensingar på tilbodet, spesielt til barn og unge og dei som bur på hybel utanfor kommunen. Samstundes kjenner styret på det ansvaret vi alle har for å bidra til å unngå smittespreiing.
 
Til sist: Vi oppmodar alle om å finne alternative former for aktivitet. Gå ein tur, ta ein joggetur eller tren styrke utan vekter og apparat. Det er faktisk mogleg!
 
Vi oppmodar og om at alle som nyttar idrettsanlegga våre til uorganisert aktivitet om å følgje smittervernreglane. Altså ikkje samlast i strid med smittevernreglane. Hald avstand og avgrens talet nærkontakter.
 
Husk å ta vare på kvarandre og ikkje minst, husk at vi går mot betre tider.
 
På vegne av styret i BBIL
Bjarte Gangeskar
leiar