Helkjastøylen opp

By | 12. mai 2021

Også i år blir det arrangert «Helkjastøylen opp», i eit samarbeid mellom friidrettsgruppa og orienteringsgruppa. Dette er eit populært dugnadsarrangement med mange deltakarar.

«Helkjastøylen opp» blir i år arrangert fysisk fredag 14.mai og digitalt 13. til 24.mai. Det digitale arrangementet er som i fjor, medan det fysiske blir litt annleis enn dei tidligare åra.

Fredag 14.mai vil Tore prest starte løpet i ballbingen kl.18.00. Der startar alle på likt, med god avstand. Denne løypa er for 5.klasse og eldre. Frå brua kan deltakarane starte kl.17.30, spre seg godt og sleppe forbi deltakarar som kjem bak i full fart.

Påmelding til det fysiske løpet kan du gjere ved start, men aller helst vil vi ha påmelding på førehand til kleppenesa@gmail.com. Deltakarpremie til alle. På grunn av Covid-19 vil det ikkje bli ei samla avslutning på toppen, og vi ber om at deltakarar går ned att vegen så snart de er i stand til det etter løpet.

Vi har to løyper:
Løype 1: Oppstart i ballbingen i Øvre Hovden, på sti gjennom skogen opp til 1000årsplassen, deretter på veg oppover mot Hjelltunet. Derifrå er det 1 km på sti opp til Helkjastøylen.

Løype 2: Er den siste kilometeren på løype 1.

Betaling på VIPPS til 138640 (Breimsbygda friidrett), 50kr per deltakar eller 200kr for familie. Send bekreftelse på betalinga di og kven som har/skal delta til kleppenesa@gmail.com (dette gjeld begge variantane).

Trekkepremiar for det fysiske og digitale løpet blir annonsert i etterkant. Dette blir kjekt!