Mini-Sparebankleikane

By | 6. juni 2021

Onsdag 16.juni kl.18.00 arrangerar Breimsbygda Friidrett Mini-Sparebankleikane på Byrkjelo stadion for dei i alderen 6 år til 12 år. Det er kunn for barn busett i Gloppen kommune.

Ein kan melde seg på 60meter, lengde og liten ball, og påmeldinga skjer på tribuna frå kl.17.30. Dette er eit gratis arrangement, og vi håpar mange vil komme!

Vi vil trenge hjelp av foreldre som møte opp, for å få til eit kjekt og trygt arrangement. Barn som ikkje fyller 6 år i år, kan ikkje delta, og den vanlege treninga i Breimsbygda Friidrett går ut denne kvelden.