BREIMSVEKA 2021 -Aktivitetsdagar i Breim

By | 18. juni 2021

Breimsbygda IL arrangerer aktivitetsveke for barn i alderen 9-14 år i veke 30 (26.-30.juli)
Les meir og meld på ved å lese vidare…

Er du mellom 9-14 år og har lyst å bli med på masse kjekke og spennande aktivitetar i Breim? I veke 30 (26.-30.juli) inviterer Breimsbygda idrettslag til aktivitetsdagar i bygda, med utgangspunkt i Byrkjelo stadion, Reed stadion, Breimsvatnet og Utvikfjellet. Her blir det aktivitetar i ny vri og kanskje nokre heilt nye for mange? Det heile vert avslutta med ein «mesternes mester» dag på Byrkjelo stadion!

2021 vert andre sommaren på rad som vert prega av korona, restriksjonar og annleis feriemånader. Breimsbygda idrettslag vil skape gode ferieopplevingar for dei som ikkje har så mange planar for sommaren, og for dei som vert heime i fellesferien.

Måndag-fredag vil det i tidsrommet kl.10-15 vere full fart med aktiviteter som vert leia av flinke ungdomar frå Breim. Det er gratis å vere med, vi stiller med lunsj til alle og det er ingen krav til forkunnskaper eller spesielt utstyr for å delta. Bur du slik til at det vert vanskelig å komme seg til og frå i sommarferien? Ingen problem, vi kan hente og bringe! Og føler du språket kan vere ein utfordring? Vi legg til rette for det og.

Detaljert program kjem snart. Men påmeldinga opnar allereie no. Har du spørsmål så ta kontakt med Kristin Sandal på mob. 95285015 eller kristin@breimsbygda.no

MELD PÅ HER