Søndagstur til Strupen

By | 23. juni 2021

Sist hadde vi ein super tur frå Høygarden til Røsskleivgarden med 15 deltakarar, denne søndagen er det duka for ny tur.

Søndag 27. juni: Trimgruppa arrangerer tur frå Myklebust (Myklebustdalen i Breim) til Strupen.

Kl. 11.00: Samling innerst i dalen der vi skal finne parkering ved oppmøte.

Turen er til dels bratt, med ein høgdeskilnad på ca. 300 m. Gangtid opp vil ta ca. 1,5 time. Vi tar oss god tid og bestemmer etter kvart kor langt og høg vi skal. Satsar på godt ver og bra deltaking. Dette vert ei fantastisk oppleving. Vegard Myklebust vil guide oss.

Rune Fure