Friidrett for dei minste

By | 18. august 2021
Trening med spenst

Tysdag 18.august var det endeleg trening igjen for dei minste etter ein lang sommarferie. Det var godt oppmøte med ca. 50 ungar i alle aldera til og med 9 Ã¥r. Det var fire grupper, med fire ulike «Ã¸vingar». Her var det liten ball, lengde, høgde og litt spenst og balanse som fekk prøvd seg. Alle sÃ¥g ut til Ã¥ kose seg og alle gjorde ein god innsats!

Det er treningar for dei minste kl.17.30-18.30 kvar onsdag fram til haustferien. Alle som vil er velkomne!

Â