Siste friidrett trening for dei yngste

By | 26. september 2021

Komande onsdag, den 29.september, blir siste trening for den yngste gruppa kl.17.30. Det blir trening uansett vêr, og vi kjem til å gjere litt ekstra stas på alle som kjem. I tillegg vil dei minste, som ikkje fekk vere med på Lagmesterskapet, få ei ekstra merksemd.

Vi må få takke alle føresette som har stilt opp og hjelpt til på dei ulike treningane. Det har vore eit godt oppmøte, og ei god stemning på alle treningane. Det har vore kjekt! Vi håpar det blir like godt oppmøte til våren igjen og!