Breimsbygda/Sandane sine damer vann lett i bortemøte mot Balestrand. Laget heldt fram den fine flyten frå sigeren mot Høyang og vann solide 6-0 mot Balestrand. Meir om kampen kjem seinare.
Bjørn, Janne og jentene er no i fin flyt og med 3 kampar igjen ligg laget på 2. plass. Høyang vann og i helga og held stand eit poeng bak og med ein hengekamp. Høyang har igjen ubesigra Sogndal og med tap der vil Breimsbygda/Sandane ta andreplassen med siger i dei tre siste kampane. Dei to siste mot Stryn og Tornado Måløy bør vere lett match om ein ser på tabellen. Tøffaste utfordringa blir mot Kaupanger 2 som kjem på besøk på Byrkjelo stadion på søndag.
Tabellen:
Sogndal 8 6 2 0 33-5 20
Breimsbygda/Sandane 9 4 4 1 29-13 16
Høyang 8 4 3 1 28-14 15
Kaupanger 2 7 2 3 2 14-14 9
Stryn 8 1 4 3 13-33 7
Balestrand 9 1 2 6 11-29 5
Tornado Måløy 7 1 0 6 7-27 3