Lagsmeisterskap friidrett

By | 6. september 2015

Vi arrangerer lagsmeisterskap 22.09!

Sidan vi arrangerer stemnet såpass seint på året har vi tenkt at vi skal gjennomføre nokre øvingar på dei treningane som er fram til den 22. Sist tysdag hadde vi kule og spyd.

Vi legg ut informasjon på Facebook om kva øvingar som kjem på dei komande treningane. Visst der er nokon som ikkje var der på sist trening, eller som ikkje når å bli med på dei øvingane vi set opp får sjølvsagt mulighet til å gjennomføre øvingane på sjølve lagsmeisterskapet! Då tar de kontakt med Åge eller Reidar, så blir det ordna!

ØVINGAR VI HAR SATT OPP PÅ LM:
Barn født 2010 eller før: Kan delta på 40m, lengde og liten ball
Barn født 2009-2006: 60m, lengde og liten ball
Barn født 2005- : alle øvingar (minus 40m)

Påmelding 17:00-17:45. Fortrinnsvis førehandspåmelding til anne.svangtun@sfe.no