Damelaget tok i ettermiddag i mot Kaupanger 2 heime på Byrkjelo. Bortelaget leia til pause, sjølv om Breimsbygda/Sandane hadde ballen mest. Etter pause losna det og damene spelte nok ein god andre omgang. 1-1 blei sett inn av Silje Iren Hole Hervik og sigersmålet stod Sandra Kleppenes Sårheim for. Dette var tredje strake siger for damene, som står med 5 sigrar, 4 uavgjort og berre eit tap som kom i april mot Sogndal.
No gjenstår to seriekampar mot Tornado Måløy borte og Stryn heime. Etter serieslutt ventar sluttspel der Breimsbygda/Sandane truleg møter Høyang i semifinale.