Nye trimpostar og digital registrering frå. 1.oktober

By | 16. september 2015

Siste sjans å få poeng på Kvilestøylen og Skavegga. Frå 1.10. blir desse postane byta ut med Tistamskaret og Støyvastøylen. Les meir om Breimstrimmen her.

Frå 1.oktober kan du også velge å bruke digital registrering. Vi tar i bruk GEOREG slik som Brodd har gjort sidan nyttår. Vi blir ikkje dei første i kommunen med digital registrering, men jammen skal vi ikkje blir dei siste heller. Les alt om digital registrering her. Dette er ein lågterskel-teneste som er enkelt å få til. Blant dei første 10 som registrerar seg digitalt på ein trimpost trekker vi ei Breimstrimmen t-skjorte.

Men husk; digitalt eller ikkje, vi vil ha DEG OG DINE med på BREIMSTRIMMEN. God tur 🙂