Damelaget slo Stryn og sikra 2. plassen

By | 27. september 2015

Damene vann 3-2 heime mot Stryn i siste seriekamp og sikra såleis 2. plass i årets seriespel. Det vart spennande på slutten i ein kamp som burde vore vunne med klarare margin ut frå spel og sjansar.

I første omgang hadde Breimsbygda/Sandane god kontroll på banespelet, men gjekk seg litt fast når dei nærma seg Stryn sin 16-meter. Likevel var det eit tidsspørsmål om når første målet skulle kome. Det kom etter 35 minutt då Renate Arnestad sette ballen i mål etter eit fint gjennomløp. Etter dette slapp jentene seg litt nedpå og Stryn fekk kome lenger fram på bana. Det resulterte i 2 sjansar og dei to einaste avslutningane Stryn hadde på mål dei første 45. Begge blei scoringar av Hedda Øvreberg og Stryn gjekk til pause med leiing. Høgst ufortent etter spel og sjansar, men det er som kjent måla som tel i fotball.

Andre omgang starta perfekt med scoring av Sandra Kleppenes Sårheim på eit langskot rett etter sidebytte. Denne  omgangen var meir jamnspelt enn første, men det var likevel fortent at Maria Kleppe gav heimelaget 3-2 på eit flott langskot. Etter dette flytta Stryn fleire spelarar framover på bana, og det blei sjansar til begge lag. Dei største var til heimelaget som var i overtal i angrep fleire gongar og fort kunne punktert kampen. Heilt på slutten fekk Stryn eit par sjansar etter cornerar og lange oppspel, men det enda utan fleire mål og såleis heimesiger 3-2.

Med denne sigeren blir det 2. plass for damene i årets serie. Dette er to plassar opp frå i fjor. Ein sterk prestasjon med tanke på at fleire etablerte spelarar reiste vekk etter vårsesongen. Fleire jentespelarar har tatt steget opp på seniornivå og damelaget har gått gjennom haustserien med 4 sigrar og ein uavgjort. No ventar to spennande kampar i sluttspelet der det er heime/borte mot tabelltrear Høyang i semifinalen. Heimekampen går truleg fredag 9. oktober. Då er det berre for publikum og møte opp.