![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2015/09/12039541_1632283650378942_8588039494057018820_n.jpg)
Søndag 10.april inviterer Sogn og Fjordane Orienteringskrins til kurs i løypelegging i Sogndal. I forkant av dette kurset vert det O-løp på Kaupanger Skule med flexistart frå kl.10-10.30. Det er fire ulike løyper som er frå 1,5 km til 5 km lange.
Innbyding til kurs i løypelegging
Stad: Sogndal
Tidspunkt: Søndag 10. april kl 10.00.
Køyreplan:
Kl 10.00 O-løp på Kaupanger Skule med flexistart fram til 10.30.
Kl 12.00 Kursstart med enkel matservering på Kaupanger Skule
Kl 16.00 Slutt
Instruktør: Christian Frøyd
Fokus: Å lage gode løyper på rett nivå, særskilt N, C og B. Forventningar, krav, retningsliner osb.
Førebuing: Sjå nedanfor
Påmelding: Seinast 5. april, ved e-post til johan.mageroy@mentor.no
Det må vere min. 7 deltakarar. O-gruppene blir fakturert 250 kroner pr deltakar (uavhengig av mat).
For o-løpet melder du deg på via Eventor eller ved start. Merket fra rv 5 på Kaupanger. Det er 4 løyper: Ekspert-lang (ca 5 km), Ekspert-kort(ca 3 km), Viderekommen (2-3km) og Enkel (1,5km). Kursdeltakerne som løper Ekspert-løyper oppfordres også til å løpe 1-2 av de enklere løypene. Det er garderobe og dusj.
Førebuing
I samlinga vil det vere praktiske løypeteikningsøvingar (kart/penn) og diskusjon. Deltakarane kan gjerne på førehand sende inn forslag til løyper som dei har teikna sjølv, ev løyper frå lokale løp. Send desse til Christian.Froyd@hisf.no .
Deltakarane kan gjerne ha med seg PC med løypeleggjarprogram (OCAD eller Purple Pen) og kart-fil, men dette er ikkje eit krav.
Info om bruk av OCAD og Purple Pen for løypelegging: http://www.orientering.no/laering/loypelegging-copy/
Purple Pen er eit løypeleggingsprogram som kan installerast gratis. Programmet er minst like enkelt å leggje løyper med som OCAD. Nedlasting: http://purplepen.golde.org/download.htm
Rettleiing: http://www.ok-moss.no/owiki/doku.php?id=veiledning:purplepen
Med helsing
Sogn og Fjordane Orienteringskrins
Johan Magerøy
Tlf 91 81 95 45