Dei fleste har vel fått med seg at vi har gått over frå å sende inn sms for å registrere posten til å registrere oss direkte på nettet. Denne tenesten er gratis på for trimmaren og BBIL.
Du må huske å ha påskrudd GPS og mobildata (internett) på mobilen. Det har då tidlegare oppstått problem dersom posten hadde dårleg internett-dekning. Dette var særleg tilfelle i Tistamskaret og ved Støyvastøylen. Frå 1. juni 2016 takla appen det. Du får opp ei feilmelding: «Nettverksfeil, er dataforbindelse aktivert?». Men det gjer ingenting, fordi registreringa blir lagt i kø for seinare sending. Det dukkar også ein raud sirkel med talet «1» opp. Talet viser kor mange uregistrerte meldingar som ligg i kø. Når du har fått dekning på mobilen din igjen, kan du klikke på sirkelen og sende registreringa. Les meir her.
Test gjerne ut og gi tilbakemelding til Sabine (48053040)