Bendit-samling, friidrett, 21.juni.

By | 7. juni 2016

Sogn og Fjordane FIK og Gloppen FIL inviterer til Bendit-samling på Byrkjelo Stadion. Samlinga er open for alle i 13 og 14 årsklassane og er ein del av kretskonseptet som munnar ut i Benditleikane på Osterøy i slutten av august. Her skal krinsen stille i kretskonkurranse mot Hordaland, Rogaland og Agder. Krinsen har kvote på 40 utøvarar så dei håpar mange blir med på samlinga og på stevne utover i sesongen. Laget til Benditleikane blir teke ut to veker før stevnet, men ein gjer første uttak etter Sparebankleikane no i juni.

Samlinga er ei open samling der alle som vil trene/lære meir om dei ulike øvingane i friidrett er velkomne. Det er ikkje krav om noko resultat i øvingar for å delta.

Påmelding til samlinga gjerast via denne lenkja: https://response.questback.com/norgesfriidrettsforbund/rddulkynyv

Følgjande kategoriar er sett opp i påmeldinga (inntil to valg, men ein kan gjere tilpassingar om det blir nødvendig): sprint/hekk, mellom/lang/kappgang, lengde/tresteg, høgde/stav, kule/diskos, slegge/spyd

Påmeldingsfrist er sett til søndag 19. juni ved midnatt.

Samlinga er gratis for alle, og ein må gjerne ha med klubbtrenar/foreldre om ein ynskjer det.

Program for samlinga:

16.45-17.00: Registrering/informasjon/gruppeinndeling
17.00-19.00: Trening i grupper utifrå valde øvingar i påmelding med innlagt pause
19.00-20-00: Mat og sosialt samvær med informasjon
ca 20.00: Avslutning/heimreise