![](https://old.breimsbygda.no/wp-content/uploads/sites/2/2015/06/IMG_0311-665x499.jpg)
I desse dagar blir trimbøkene til BBIL skifta ut og etter kvart tel opp. Vi satsar på at tellejobben blir lettare i år pga. at mange har registrert seg digitalt. Satsar på at alle har vore ærlege og ikkje skrive seg i bøkene i tillegg, utan å merke dette særskilt.
Men det betyr også at den nye sesongen begynner no, 1. oktober. Som vanleg blir det litt nytt også i år. Sjekk alt om Breimstrimmen her
- 2 postar går ut: Dunheia og Bøvassbu
- 2 nye postar: Blånibba og Sandalsstøylen
- 1 ny post Fløtravarden kan berre registrerast med mobil (bort sett frå barn on andre som ikkje har smartphone)
- litt poengjustering
- Dei 3 med høgast poengsum (under og over 15 år) vinn ein premie som blir utdelt på idrettsbasaren. Dei som har vore innom alle 9 postane blir makerte, men berre dei som har gått alle postane i 3,6,9 eller 12 år får ein plakat.
Treng du hjelp med Georeg kan du spørje oss i styret t.d. på idrettsbasaren. Les gjerrne meir om den digitale registreringa her.
Sabine