Breimsbygda idrettslag ynskjer å få inn forslag til Årets eldsjel 2021. Send inn forslag på e-post til kristin@breimsbygda.no innan 1. november 2021.
Årets eldsjel i Breimsbygda idrettslag.
Målsetjinga med prisen:
- Synleggjere frivillig arbeid
- Stimulere til frivillig innsats
- Auke medvitet omkring rolla frivillig innsats har for lokalsamfunnet
Retningsliner for tildeling:
- Eldsjelprisen vert gjeve til ein person som med iver og begeistring gjer, eller har gjort, ein innsats til beste for idrettslaget.
- I vurderinga skal det leggast særleg vekt på at vedkomande person står fram som eit godt føredøme, viser pågangsmot og såleis stimulerar andre til frivillig innsats.
- Eldsjelprisen skal annonserast på BBIL si heimeside, og alle medlemmar i idrettslaget kan kome med forslag. Med kvart forslag må det fylgje ei kort grunngjeving for kandidaturet.
- Eldsjelprisen skal vere ein pengesum/gåvekort på 2.000 kroner og eit diplom, og kan delast ut årleg.
- Tildeling av eldsjelprisen vert gjort av AU i BBIL.
Desse har fått tildelt prisen Årets eldsjel frå Breimsbygda idrettslag:
2012 – Arve Kleppe
2013 – Vegar Sårheim
2014 – Gjertrud Støyva
2015 – Ola Bergheim
2016 – Knut Lunde
2017 – Jannike Felde
2018 – Reidar Moldestad
2019 – Nils Jordanger
2020 – Jan Arve Søvde